Fiske i Samnanger
Kikedalsvatnet: Lett tilgjengeleg vatn med stor bestand av småfallen aure, tar ca ein halv time fra parkering ved Fossen i Holmane, mestparten på skogsvei. Fin tur for heile familien og lett å få fisk.
Kvanneviksvatnet: Stor bestand av aure. Kan gå frå Fossen i Holmane eller frå Rossebotn (nedanfor Fossen Bratte). Turen tar ca 1,5 time.
Holmavatnet: Kjent for fin fjellaure, har i dag litt for stor bestand. Samnanger JFL skal i gong med kultivering av vatnet. Har planer om å få opp båt og vil setja opp naust for båt og utstyr. Håper å få tilbake like fin fisk som tidlegare. Kan få fisk av brukbar størrelse også no, fisk på 500g er vanlig størrelse. Turen til Holmavatnet kan ha same utgangspunkt som til Kvanneviksvatnet og vil ta rundt 2 timer.
Langatjørna, stor bestand av aure. Utgangspunkt for turen er Eikedalen over Rabalhei.
Botnavatna, ukjent status, kjent for fin fisk tidlegare. Same utgangspunkt som til Langatjørna, noko lengre tur.
FISKEREGLER
Ingen begrensinger i redskaper utenom garnfiske. Oter kan brukes, enklest i Kvanneviksvatnet. Alle sportsfiskeredskaper tillatt brukt.
FISKEVANN I OMRÅDET (JARLAND/FRØLAND)
- Hestaskovatnet
- Kikedalsvatnet
- Holmavatnet
- Botnavatna
- Langatjørna
- Kvanneviksvatnet
FISKEVANN I OMRÅDET (KVITINGEN)
- Nedre Gulltjørna
- Øvre Gulltjørna
- Øvre Dukavatnet
- Nedre Dukavatnet
- Klungerdalsvatnet
- Kvitingsvatnet
- Kleivavatnet
- Sotabottsvatna
- Fagerdalstjørna